Ryfylkefakta
Det er godt å bu i Ryfylke, er konklusjonen i ei fersk levekårsundersøking. Det veit ryfylkingen mykje om. Men visste du at Ryfylke er i vekst?

I 1960 budde det 23 327 personar i dei seks ryfylkekommunane. I 2012 var talet 27 295. Nokre av kommunane opplever auke i folketalet, andre tilbakegang.
Det totale arealet til dei seks Ryfylke-kommunane er 4 494 km2.
(Kjelde: SSB)
Verdiskaping
Landbruk, vasskraft og industri har vore dei viktigaste næringane i regionen dei siste 100 åra. No ser me at nye næringar blir meir og meir dominerande. Veksten innanfor reiseliv, havbruk, sand og steinindustri er stor, men me ser og at nye teknologiske bedrifter slår røter i regionen.
Ryfylke har eit unikt mangfald av natur, kultur, industri og historie. Vi har ei mengd unytta ressursar å by på. Potensialet er enormt, og med kreativitet og satsingsvilje er moglegheitene uendelege.
Visste du forresten at:
• Ryfylke er best på likestilling.
Suldal toppar statistikken, tett fylgd av Forsand og Finnøy. Sauda og Hjelmeland bidrog og til at fem av seks Ryfylke-kommunar ligg over snittet i Rogaland og Norge.
Målekriterium er mellom anna barnehagedekning, andel kvinner i kommunestyre, kor mange kvinner som er i arbeid, korleis kvinnene vert lønna i høve til menn og kor høg utdanning kvinnene har.
• I ei undersøking frå 2006 seier 91 prosent av dei spurde ryfylkingane at dei er stolte av å bu i Ryfylke.
• Det opphavelege Ryfylke, eller Rygjafylke som det då heitte, omfatta heile det området me i dag kjenner som Rogaland.
• Ryfylke er ein av to regionar i landet som driv interkommunalt kunstformidlingssamarbeid i stor skala.
• Kulturhaust Ryfylke er eit kulturelt samarbeid mellom Ryfylkekommunane.
• Vassdalseggi, 1658 m.o.h. er den høgaste fjelltoppen i Rogaland og ligg på grensa mellom Suldal og Vinje kommunar.
• Meir enn 50 bedrifter og organisasjonar i Rogaland bruker Ryfylke i namnet sitt.
• Kommunane i Ryfylke har gjennomsnittleg 11,8 bøker per innbyggjar i folkebiblioteka sine. Landsgjennomsnittet er på 4,3.
• Blant nordmenn busette utanfor Ryfylke assosierer 65 prosent regionen med naturopplevingar, medan 19 prosent assosierer Ryfylke med industrikultur.
• Ryfylke er sau. 59 prosent av deltakarane i Telemarksforsking si spørjeundersøking Kva er Ryfylke? svarar at dei i svært stor grad assosierer Ryfylke med sauedrift. Sauene blir berre utkonkurrert av naturopplevingar.
• Det er godt å bu i Ryfylke, viser ei undersøking Statistisk sentralbyrå og Dagens Næringsliv har gjort. Den siste undersøkinga frå 2008 viser at Ryfylkekommunane kjem generelt bra ut: Forsand er den tredje beste kommunen å bu i, Suldal hamna på fjerdeplass, Hjelmeland er ein god nummer sju, og Finnøy kom på 14. plass.
- Mitt Ryfylke er eineståande, kan du vel skjøna?
Ingeborg Øverland Elve, elev ved Årdal skule
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |















