Velkommen til Ryfylke - ein mangfaldig og ekte region

Utskrift

Tur: Sinkgruvene i Allmannajuvet

Sinkgruvene i Allmannajuvet i Sauda var i drift frå 1881 til 1900. Området er vald ut som interessant i samband med utviklinga av Ryfylkevegen til Nasjonal Turistveg. Delar av gruvegangane og gruvevegen er restaurert og er ope for publikum i følgje med førar.

Køyr Rv 520 mot Røldal. Om lag 9 km frå Sauda sentrum kan du parkere ved Ryfylkevegen.

Opplevinga startar med ein flott spasertur på den gamle gruvevegen langs fjellsida over Storelva. Vidare går turen inn i ein av dei restaurerte gruvegangane. Der er det mørkt, kaldt og fuktig, og ein kan lett førestilla seg korleis det må ha vore å arbeide her for over 100 år sidan.

Omvising med guide i sommarsesongen medio juni til medio august.

Omvising for grupper med guide utanom opningstidene, ta kontakt med Sauda Turistkontor.

Gruvedrifta skapte liv i bygda med opp til 168 tilsette og utskiping av malm på båtar til utlandet. Drifta blei ein forløpar til seinare kraftutbygging og industrietablering i Sauda.

 

Kjelde: Reisemål Ryfylke, Sauda Ferie og Fritid

 

Finnøy Forsand Strand Hjelmeland Suldal Sauda

 

Ryfylkealliansen - Sande næringsbygg - 4130 Hjelmeland. Nettstaden er levert av Norsk Plan as.