Tur: Fløyrli
Gå i trappetrinn: Trim lårmusklane opp meir enn 4000 trappetrinn i Fløyrli.
Trappene i FløyrliTrappa som går opp fjellsida har ein høgdeskilnad på 740 meter og har 4 444 trappetrinn. Mest sannsynleg er det verdas lengste tretrapp.
Lysefjorden er om lag 40 km lang, og på sørsida, 15 km frå Lysebotn, finn du garden Fløyrli. Her har Lyse Energi vunne ut straum sidan 1917. Anlegget vart automatisert i 1999.
Om sommaren er det kafé i den gamle kraftstasjonen.
Stavanger Turistforeining har tilbod om overnatting i turisthytte heile året.
Meir informasjon finn du hjå Reisemål Ryfylke og Lysefjorden Utvikling.








