Velkommen til Ryfylke - ein mangfaldig og ekte region

Utskrift

Viltgryte for mørke haustkveldar!

8 personar.

1,6 – 2 kg Viltkjøt, gjerne bog eller lår, skore i grove bitar på 4 * 4 cm

(har du ikkje tilgang på Viltkjøt, er okse høyrygg eit godt alternativ)

2 ss Solsikkeolje

5 dl Rødvin

1 ltr Viltkraft, oksekraft eller reint springvatn

5 stk Laurbærblad

3 ss Kveitemjøl

3 ss Smør

1 dl Bringebæreddik,

 

Legg frosne bringebær i kvitvinsedikk, la stå i eit døgn.

 

24 stk Sjalottløkar, skrelt

150 gr Sellerirot, kutta i terningar på 2*2 cm

3 stk Gulrot, kutta i terningar på 2*2 cm

24 stk Ferske rosenkål

3 dl Fløyte

2 ss Finhakka frisk timian

Salt, pepar

 

Vend kjøtet i kveitemjølet. Brun det i solsikkeolje i god varm panne.

Legg kjøtet over i ei gryte, gjerne jerngryte. I panna du har bruna kjøtet i, dryss på 1 ss til med kveitemjøl, ha smøret i. La dette surra litt til det blir ei jamning, slå over raudvin og bringebæreddik, kok opp. Ha det over i kjøtgryta, spe på med kraft/vatn. Ha i laurbærblad. Kok opp, la det småkoka på svak varme i ca 2-3 timar, eller til kjøtet er nesten mørt. Det er lov å smaka og testa undervegs. Den siste halvtimen har du i grønsakene og fløyten som då gir smak og farge til gryta. Rett før servering har du i frisk timian og justerer saltet i gryta. Ha gjerne i peppar men det er også fint om en sett peparkverna på bordet.

 

Servèr ved å setta gryta på bordet, tenn mange lys, syt for at det er varmt, inviter folk, den gode stemninga kjem innover ein og gir alle ein magisk kveld.

Finnøy Forsand Strand Hjelmeland Suldal Sauda

 

Ryfylkealliansen - Sande næringsbygg - 4130 Hjelmeland. Nettstaden er levert av Norsk Plan as.